Skjåk Historielag har 16420 gamle bilete frå Skjåk

Skjåk Historielag har ei stor samling med gamle bilete frå Skjåk, samlinga blir teke godt vare på. Dei har ei eiga fotogruppe som legg ned eit enormt arbeid med å namne og tidfeste alle bileta, dette er viktig med tanke på dei som kjem etter oss. Den totale biletsamlinga til Skjåk Historielag er no på 16420 bilete.

Nokre frå fotogruppa i Skjåk Historielag. Ola Skrinde, Sylfest Lykre, Roald Hove, Per Haugtredet, Marit Bruheim Kvåle, Marit Hove og Tore J. Odden Sigrun Eide

Hans Skamsar skannar inn gamle bilete frå SkjåkDigitalisering av alle bileta

Ein annan omfattande jobb er digitalisering av bileta. Det er lagt ut fleire tusen bilete som no er tilgjengelege for alle på nettsida til DigitaltMuseum. 

Hans Skamsar skannar inn den store samlinga på data. Stein Grjotheim legg så ut bileta og informasjon om dei på nettsida til DigitaltMuseum. 

Viktig for ettertida

Bilete har i fleire år vorte skanna inn i høg oppløysing. Stein Grjotheim, leiar i Skjåk Historielag, seier at arbeidet med å få heile samlinga digitalisert, er svært viktig.

Som tidlegare, ynskjer historielaget utfyllande opplysningar og korrigeringar til bileta. Dei tek gjerne imot fleire bilete, og dei vil gjerne at du som er interessert i dette arbeidet tek kontakt, og blir med. Det er trivelege stunder med god prat og kaffipause. Skjåk Historielag held til på Skjåk folkebibliotek. Fotogruppa møtast her kvar torsdag.

Bilete teke av Knut Hol på 50-talet i Skjåk

Stein har akkurat lagt ut fleire bilete av m.a. Knut Hol. Knut tok fleire bilete medan han var prest i Skjåk. Her er det mange artige bilete frå 50-talet i Skjåk.

Smalfilm og video

Historielaget har også ei samling med 142 rullar smalfilm, video og 119 lydband. Dei har så vidt kome i gang med med digitalisering av lyd og filmmateriale. 

Utstilling av bilete på Skjåkheimen

Det er også gjort eit stort utval av bilete som no er tilgjengeleg for bebuarane på Skjåkheimen. Det er lagt inn bilete digitalt som kan visast på skjerm. Tema har vore ulike sider ved arbeidslivet i bygda.

Skjåk Historielag har eigen blogg.

Stein Grjotheim Liv Eide