Skjåk kommune lyser ut middel til tiltak retta mot vilt, fisk og friluftsliv.

 Fiske på Bollvatnet - Klikk for stort bilete

Skjåk kommune lyser ut middel til tiltak retta mot vilt, fisk og friluftsliv. 

I fylgje konsesjonen for utbygging av Øvre Otta, Framruste, Øyberget og Breidalsoverføringa, får Skjåk kommune 85.000 kroner kvart år til tiltak som kjem inn under område fiske, vilt og friluftsliv. Fondet skal brukast til investeringar i fiske, vilt og friluftsliv. Midla skal fyrst og fremst brukast i dei område som er utbygde for å kompensere skader og ulemper. Midla skal fortrinnsvis brukast til investeringstiltak.
 
Søknaden skal innehalde:
Omtale av tiltaket
Budsjett og finansiering
Kven har nytte av tiltaket (tiltak som mange har nytte av vil bli prioritert)
 
Retningsliner for bruk av fondet:
 
Søknadsfrist: 1. mai
 
Send søknad til:
eller:
Skjåk kommune
Servicetorget
Moavegen 30
2690 Skjåk
 
Publisert av Skjåk kommune. Sist endra 17.03.2017
 
  • TelefonBilde 61 21 70 00
  • PostboksBilde
  • PostboksBilde Moavegen 30, 2690 Skjåk
  • Org.nr: 961 381 096
  • Åpningstid: 08:00-15:30
Login for redigering
Login for redigering