Marlo skule

Marlo skule - Klikk for stort bileteMarlo skule

Marlo skule ligg i søre delen av bygda. Barneskulen er fådelt med elevar frå 1.-7. klasse. 
Skulen vektlegg fysisk aktivitet og nyttar seg mykje av nærområdet  heile skuleåret. Vi har godt læringsmiljø og skulemiljø. 
 
Adresse: Skjåk solside 395, 2690 Skjåk.
 

Marlo har Skulefritidsordning 4 dager i veka, telefon 40 42 77 48

Heimesida til Marlo skule.

Maleri på dør i Marlo skule - Klikk for stort bileteMaleri på dør i Marlo skule

Marlo skule vant Aktivitetsprisen i 2012.

Om skulebygningen

Marlo skule er den eldste av skulane som er i dagleg drift i Skjåk. "Gamleskulen" vart ferdig i 1924, men har sidan vorte påbygd (1997) og seinare fullstendig renovert. Alle klasseromsdørene vart måla av Ragnvald Einbu frå Lesja i 1925. Motiva er både historiske og lokale, og nesten like velhaldne den dag i dag.

Samarbeid

Lærarane i 1. - 4. klasse arbeider i lag slik at vi legg opp til mykje samarbeid innanfor småskuletrinnet, men og i mellomtrinnet. Dette er viktig både for det faglege utbyttet og for miljøet ved skulen.

Skuledagen

Skuledagen tek til med ei trimøkt ute på 20 min. Når elevane kjem inn, vert det frukt å få for dei som nyttar seg av fruktabbonement. Deretter har vi ei arbeidsøkt fram mot midttimen.

Felles opplevingar

Vi legg vekt på felles opplevingar, slik som t.d.fjellturar og skiturar, dessutan sosiale tiltak som kafedrift der overskotet går til SOS-barnebyar, solfest, loppemarknad m.m. Før jul har vi juleavslutning på kveldstid og siste skuledag har vi uteøkt (Matematikk!) ved Otta-elva før vi går til Skjåk kyrkje og har messe der elevane deltek med opplesing, rollespel og song. Ved skuleslutt i juni har vi avslutningsfest der foreldre, syskjen og besteforeldre deltek.

SFO

På SFO har elevane eit fellesmåltid når dei er ferdige på skulen. Det er organisert leksehjelp for 1.-4.kl. i SFO-tida. . Etterpå får dei leike seg saman både inne og ute. 

Mange elevar går på Idretts- eller/og Kunstkarusell tysdag og torsdag etter skuletid.

Handlingsplan mot mobbing

 For Marlo skule, revidert 2015

Sjå full informasjon her (PDF, 244 kB)

Publisert av Morten Kielland -Oppdatert v/ Elling Starrem. Sist endra 26.11.2015
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
 
61 21 74 62
 
Send epost
 
  • TelefonBilde 61 21 70 00
  • PostboksBilde
  • PostboksBilde Moavegen 30, 2690 Skjåk
  • Org.nr: 961 381 096
  • Åpningstid: 08:00-15:30
Login for redigering
Login for redigering