Pilspiss funne i Skjåk

06.09.2010
Pilspiss
I slutten av august fann Reidun Kari Svoren frå Byggja denne pilspissen inne på Vassvendegga.

Spissen låg oppe på bakken. Ut ifrå forma og vekta på pilspissen veit vi litt om funnet.

Tore Ørjasæter 125-års markering 2011

03.09.2010
Neste år, 2011 er det 125 år sidan diktaren Tore Ørjasæter vart fødd.
Kultur- og oppvekstutvalet i Skjåk kommune har sett ned ei nemnd som skal syrge for at dette vert markert.

Utvida jakttid på hjort i Skjåk kommune 2010-2012 –høyring

31.08.2010

Oppland fylkeskommune har gjort vedtak om utvida jakttid på hjort. Merknader sendast til Skjåk kommune innan 20.09.2010.

Boklansering

30.08.2010

Torsdag 16. september kl 19 vil Magnhild Bruheim lansere si nye bok, Det som ein gong var, på Skjåk folkebibliotek.

Boklansering

Omdømme

30.08.2010

Skjåk kommune sender denne hausten deltakare på Distriktsenterets omdømmeskole. Deltakarane fekk på fyrste samling ei heimelekse som skal presenterast på andre samling.

1. Beskriv hvorfor din bygd, kommune eller region bør styrke omdømmet.
2. Hvilke forutsetninger må være oppfylt for at din bygd, kommune eller region skal kunne styrke sitt omdømme?

Vi ynskjer dine tanker rundt dette.
Har du innspel blir vi glade om du sender ein e-post til Inga Gudrun Hyrve.

 

Landskap og filosofi

26.08.2010
Folk på Sota
Med flott natur som ramme og innleiarar som Gunnar Skribekk, Even Wergeland og Karen Victoria Syse fekk deltakarane på Landskap og Filosofi på Sota ei minnerik oppleving. 19. og 20. august. Håvard Teigen leia oss gjennom to interessante dagar som arrangør Skjåkprosjektet med Sæbjørn Forberg kan vere stolt av.  

Hausttakk

24.08.2010

New Image
Hausttakk i fjor vart så vellukka at vi gjer arrangemntet til ein tradisjon! Set av helga 8.- 10. oktober for anten selja produkt eller koma å få kjøpt godsaker frå naturen sitt spisskammers. Vi lagar torg i eit stort telt, så er vi ikkje så avhengige av veret. Hovedtema i år er KORN.

 

Filmbussen

18.08.2010
filmbussen 2010
Filmbussen har vore på besøk i Skjåk att. Det var 11 ungdommar med på kurs i to dagar og dei laga to filmar. Den eine var skrekkfilm og den andre var action/komedie. No står det att å sjå om dei stikk av med prisar på Filmbussenpremiere på Ringebu i oktober

Skjåk gjer det godt på Kommunebarometeret

13.08.2010

Skjåk er av dei kommunane i Norge som skorar høgast på Kommunebarometerets sosialindeks, i fylgje Kommunal Rapport.

På dette barometeret kjem vi på ein 11. plass, noko vi skal vere stolte av!

GD skriv meir om saka i dag

Strategisk utviklingsanalyse

09.08.2010

I samband med rullering av kommuneplanen i Skjåk har PwC utarbeida ei strategisk utviklingsanalyse av kommuna. Denne tek mellom anna for seg Skjåk sine komparative fortrinn med tanke på næringslivet.

Strategisk utviklingsanalyse

 

Arbeidet med kommuneplanen vart omtala i GD 23.7.10

Høyring av ny motorferdselforskrift i Skjåk kommune

02.08.2010

Skjåk kommune har utarbeidt ny lokal forskrift for bruk av motorfartøy (båtar m.m.) og luftfartøy (fly, helikopter m.m.):

 

"Forskrift om motorferdsel i utmark. Forskrift om ferdsel med luftfartøy og motorfartøy i Skjåk kommune, Oppland."

 

Forskriftframlegget er lagt ut på høyring i resepsjonen på kommunehuset i Bismo, biblioteket, COOP Marked Bruvoll,

COOP Marked Skjåk  og på kommunen si heimeside.

 

Frist for å kome med merknader til framlegget er sett til: Torsdag 26.august 2010.

Send høyringsuttalen til: Skjåk kommune - PSM, 2690 SKJÅK

 

X-over camp

22.07.2010
x-ovr svart

Skjåk kommune får skryt for X-over campen.

Skryt!

 

St. Hans på Maihaugen

06.07.2010

Mari Lindsheim på Maihaugen
Skjåk sitt arrangement på Maihaugen Sankthans var svært vellukka! Med fint ver og nær publikumsrekord kan vi vere stolte av bidraget vårt til ein fin kveld for deltakare, gjester og arrangørar.

Mari Lindsheim song blant anna ved Lindsheim-stugu og på hovedscena.

Sjå fleire bilete

Aktiv sommarferie 2010

28.06.2010

Bilde 111
Førre veke vart Aktiv sommarferie 2010 avvikla. Ungane fekk vere med rafting, klatring ute og inne, fjelltur, leik og moro i Skjåk.

Vi ynskjer velkommen til Aktiv sommarferie 2011!

Filosofiseminar på Sota

16.06.2010
23

19. og 20. august blir det tverrfagleg filosofiseminar på Sota.

Hit kjem det mange spanande innleiare.
Påmelding innan 6. august til post@skjaak.kommune.no

Program