Løn-trekkoppgåve

01.11.2010

Alle som i løpet av eit år har utbetalt løn eller anna godtgjersle, har som hovudregel plikt til å sende inn løns- og trekkoppgåver.

Oppgåver for inneværande år kan hentast på kommunekassa frå fyrst i januar. Ynskjer du oppgåvene tilsendt, ta kontakt med kommunekassa. Leveringsfristen er 20. januar året etter inntektsåret.
Arbeidsgjevarar som leverer løns- og trekkoppgåver på magnetband/diskett mv., skal levere følgjeskrivet straks dei har mottatt "Kvittering for mottatte data" frå Skattedirektoratet.
Den 6. januar 2007 opna Altinnportalen for mottak av løns- og trekkoppgåver elektronisk. Denne portalen skal etterkvart erstatte/overta levering på diskett og e-post. Altinn - elektronisk levering av løns- og trekkoppgåver har frist 31. januar.

Heimel: Likningslova §6-2.

Oppgåver på maskinlesbart medium sendast til:

Skattedirektoratet
SITS-IT-DS-Applikasjoner
Postboks 6300 Etterstad
0603  OSLO

Det er svært viktig at arbeidsgjevar påfører korrekt og fullstendig (11 siffer) fødselsnummer på løns- og trekkoppgåva. Oppgåva kan elles bli sett på som ikkje levert.

Kontakt

Kommunekassa, tlf. 61217012 eller  61217007.

Skrive av: Haldis Brukveen