Forliksrådet

11.03.2003

Tenesteinnhald

Forliksrådet er lågaste lokale domstol. Dei har fast møtedag fyrste tysdag kvar månad. Forliksrådet møter hjå Lensmannen i Skjåk, som også er møtesekretær.

Ein privatrettsleg tvist kan bli brakt inn for Forliksrådet ved å fremme ei forliksklage. Sekretæren kan gje deg rettleiing i korleis du skal fremme ei forliksklage.

Partane møtast i Forliksrådet og legg fram sitt syn på saka.

Handsaminga i Forliksrådet kan ende opp på tre måter:
1. Forliksrådet kan hjelpe til med å etablere eit forlik mellom partane.
2. Forliksrådet kan avseie dom dersom partane er einige om det.
3. Dersom dette ikkje skjer, kan saka bringast inn for høgare rett som er Tingretten. Tingretten avseier dom i saka.

Pris

Eit rettgebyr kr.860.

Kontakt

Åge Willy Rønningen tlf. 61213520
Skjåk Lensmannskontor i bygget til Skjåk Energi.

Skrive av: Morten Kielland