Landbruk
Landbruk omfattar jordbruk og skogbruk. Landbruket er ein basisnæring i Skjåk
For å halde sysselsettinga på eit høgast mogleg nivå lokalt, bruker vi næringsfondet til å stimulere næringa. Kompetansen ved landbrukskontoret og i rettleiingstenesta elles er ein viktig ressurs for vidare utvikling av landbruket. Tilskot til forsøksringen, nydyrking, vatningsanlegg, driftsbygning, skogsvegar og skogkultur skal halde fram.
Vi skal arbeide for eit høgt nivå på husdyrhaldet, og for tilleggsnæringar til jordbruket. Økologisk jordbruk og utvida dyrking av grønsaker, bær og mandelpotet er satsningsområde som er i framgang. Lokalt foredling av kjøtt (husdyr og vilt) og anna form for lokal vidareforedling innan matvarer har hatt framgang dei siste åra. Samarbeidsløysingar innan husdyrhald er sterkt framtredande i Skjåk med fleire robotfjøs og purkering med ca 900 avlspurker. Jordbruket er inne i ei sterk strukturrasjonalisering og sjøl om ta einingar har gått sterkt ned er produksjonen av mjølk, kjøtt m.m. like høg som før. Omlag halvparten av dyrka areal som blir dreve i Skjåk består av leigejord. Vi opplever at ein del gardar skil frå tunet og sel restarealet som tilleggsjord til andre landbrukseigedomar. Ein hjortefarm er lokalisert til bygda.
Rekruttering til landbruket er ei utfordring også i Skjåk.
Skogbruket har hatt auka avvirkning dei siste åra og investeringane i skogkultur (vegar, foryngingsfelt m.m.) har lege på eit tilfredstillande nivå både i privatskogbruket og Skjåk Almenning.



