Skjåk folkebibliotek

17.01.2010
IMG_1060
Skjåk folkebibliotek held til på Kommunehuset i Bismo. Biblioteket inneheld 30000 bøker og andre medium. Ein må ha lånekort for å låne, lokalt lånekort eller Felles lånekort. I biblioteket finn du og Nasjonalparkbiblioteket, lokalsamling, studiesenter og internetttilbod. I tillegg til bøker kan du låne lydbøker, språkkurs, video, musikk og tidsskrift. Biblioteket har desse avisene: Aftenposten, Dag og Tid, Fjuken, GD og Nationen. Biblioteket er automatisert i biblioteksystemet MikroMarc.

Skulptur Jan Magnus Bruheim profil
Jan Magnus Bruheim

Biblioteket har ope 22 t. for veka inkludert laurdagsope. Om sommaren er det reduserte opningstider. Skjåk folkebibliotek er samlokalisert med Skjåk studiesenter som har 10 PCar til bruk for ungdom på vidaregåande og vaksne når biblioteket er ope.  I biblioteket har vi 1 PC for vaksne, 4 PCar for barn og ungdom og ein PC for søk i samlinga. Alle media er registrert i biblioteksystemet MikroMarc. Biblioteket har eit variert tilbod av bøker, lydbøker og filmar. Skjåk folkebibliotek er med på Norsk kulturråd si innkjøpsordning for CD-plater med ny norsk musikk. I vår tidsskriftavdeling er det eit godt utval av tidsskrift som dekkjer fleire emne. Nasjonalparkbiblioteket inneheld materiale om våre nasjonalparkar, spesielt Reinheimen, Jotunheimen og Breheimen.

 

 

Post- og besøksadresse: Skjåk folkebibliotek, Skjåk kommune, 2690 Skjåk
Fakturaadresse: Skjåk kommune, Fakturamottak, 2690 Skjåk

 


Tlf. 61214300
Fax. 61214307
e-post: skjaak.folkebibliotek@skjaak.kommune.no