Vatnet
Skjåk er den turraste bygda i landet. Skjåk omfattar omlag heile nedslagsfeltet til Ottadalsvassdraget.
Det er turt i Skjåk. Vi har under 300 mm nedbør i bygda. Det rekk ikkje til vatning av jordene. Såleis er vatn i bekker og elver grunnlaget for jordbruk og vekster elles.
Nedbørsmengda aukar kraftig i områda lengst vest i Skjåk og i fjellet. Her ligg også store magasin av vatn i form av breer. Såleis vil bygda alltid få vatn, sjølv i turre varme somrar, dalbreane står for forsyninga.
Otta renn gjennom hovuddalføret. Elva har sitt opphav i vatna og elvene vest for Grotli. Vatnet vert nytta vinterstid i elvekraftverka i Skjåk og nedover Gudbrandsdalen.
Frå sør skjer 5 store dalar seg inn i landskapet. Lundadalselva,Tundra, Åstri, Framruste og Måråi har alle stor vassføring om sommaren. Frå nord kjem Tora, Føysa og Vulu.
Lundadalsvatnet, Liavatnet, Raudalsvatnet, Breidalsvatnet,Torsvatnet og Aursjoen er dei største vatna i vassdraget.
Den naturlege vintervassføringa er lita. Magasina i Breidalen, Raudalsvatnet og Aursjoen aukar vassføringa noko. Sommarvassføringa er stor frå midten av juni, når snøen i fjellet smeltar. Flomtoppen er gjerne kring St.Hans. Og vassføringa aukar med varme somrar. Vatnet er reint. Drikkevatnet er naturleg rensa utan tilsetting av kjemikalier når det når hushaldningane. Vatnet er grønt av breslam i Otta, men leirpartiklane er rensa ut naturleg før vatnet blir teke opp i sandavsetningane nokre meter frå elvekanten.
Vatnet er brukt som produksjonsvatn i jordbruket, både til dyrehald og til produksjon av bygg, gras og andre vekster. Vassforsyninga er avgjerande for eit levande jordbruk. Kommunen og ei rekkje private hushaldinger produserer drikkevatn frå vassdraget. Vatnet blir også brukt til kraftproduksjon, både som magasin for kraftverk lenger nede, og til eigen produksjon i Skjåk. Dette er grunnlaget for Skjåk Energi med 30 arbeidsplassar. Øvre Otta-utbygginga har gjeve to nye kraftverk i Skjåk. Ho nytter i stor grad det alt utbygde magasinet i Raudalen.
Vatnet er ein viktig del av reiselivsproduktet. Vassdraget med bregrøn elv, blått vatn og våtmarker har ei stor opplevingsverdi for den som køyrer gjennom dalen eller tek seg ein tur til fots. Dønfoss camping er bygt ved Dønfossen, og her finn du og eit svømmebasseng bygt opp av stein ved sida av fossen. Pollfoss Gjestehus har Pollfossen rett ved seg. Fleire aktørar byr på rafting og juving i elvene. Skjåk Almenning sel fiskekort for heile området. Fiskekortet gjev rett til fiske med stang og oter. På ei rekkje vatn får alle også rett til å fiske med garn.



