Kulturskulekonserten
07.06.2004
![]() |
| Kulturskulekonsert: Ingrid Jogerud, Hilde Gran Kielland og Kathrine Brandsar |
Kulturskulerektor Oddrun Kvalheim opna konserten. Her fekk alle elevane ved kulturskulen prøve seg. Karusellgruppa synte fram ”Hønemor og dei tolv små kjuklingane” av Aslaug Høydal. Utøvarane synte fram drill, piano, folkemusikk, grupper, og fleire rockegrupper. Det var nok mange som fekk gåsehud då Ingrid Jogerud song Zombie av Cranberries.
Konserten vart avslutta med ein stor applaus for Stian Bøhle som fekk Draumestipendet fredag.




