Skjåk på Maihaugen St.Hans

15.06.2004
Ingrid Jogerud synger
Ingrid Jogerud skal synge på Maihaugen
St.Hanskvelden 23. juni, skal Skjåkværene vise seg fram på Maihaugen. Kulturarrangementet skal gå føre seg i Skjåktunet med tradisjonell mat, bygdakunst og spel og dans. Alle kommunane i Gudbrandsdalen er invitert til å presentere seg på Maihaugen denne kvelden. Det er ei tradisjonell sankthansfeiring med mykje god mat, dans og musikkinnslag. Kl. 21.00 vert bålet tent. Folkefesten er ein del av 100 års jubileet for Maihaugen.

Vidars Kjøttprodukter, Skjåk Turistheim, Mogard Gardsmat og Skjåk Tørkekjøtt skal gje smaksprøver frå Skjåk med Skinke frå Skjåk, Spekemat og Turkakjøtt på Lindsheim skysstasjon.

Kari Brustugun, Ingeborg Banken, Jarnfrid Odden og Torø Skjelkvåle skal vise fram handverksprodukt som Rosemaling, Plaggsøm og Tegerarbeid i Hjeltarstugu på Skjåktunet.

Runa Aurmo skal ha med seg karusellgruppa si frå kulturskulen som skal oppføre "Hønemor og dei tolv kjuklingane" av Aslaug Høydal. Guro Grimstad skal spele fele, Ingrid Jogerud og Kathrine Brandsar skal synge og spele gitar og Skjåk spel og dansarlag skal spele og danse.
Skrive av: Morten Kielland