Beitedyra treng ro

22.06.2004

Ta omsyn til beitedyra. Alarmtelefonen til beitelaget i Skjåk for skade på dyr, døde dyr og unormal oppførsel, er 48 12 58 13.
Det er beitesesong i Finndalen. Gardbrukarar frå Ramstadstrond i Skjåk slepper ungdyr og sau på setrene i Finndalen. På bildet ser du to kalvar av Tyroler grauvieh eller på norsk: tyrolsk gråfè.

Alarmtelefonen 48 12 58 13
Beitelaget i Skjåk har oppretta ein alarmtelefon for varsling om skada eller døde dyr og unormal oppførsel av dyr på beite.
Folk bør ta omsyn til beitedyra og ikkje rase forbi med bilen. Det er betre å ta det med ro og nyte synet av dyr på beite.

Det er beitesesong i Finndalen. Den starta 10. juni. Gardbrukarar frå Ramstadstrond i Skjåk slepper ungdyr og sau på Breistulen, Sterringen og Vangen. Enno har det ikkje vore så frodig beite på grunn av tørke og seinare fuktig og kaldt vær. Men når varmen kjem i fjellet, vil veksten eksplodere.

Skrive av: Morten Kielland