Utlånsreglar
Det er gratis å låne på bibliotek. Alle som vil låne må ha lånekort. Du kan få lånekort som berre gjeld for Skjåk Folkebibliotek eller Felles lånekort som du kan bruke ved alle folkebiblioteka i Oppland.
2. Alle som har nådd skulepliktig alder kan få lånekort. Dei som er under 15 år må ha underskrift av føresette. Dersom du vil ha Felles lånekort må du vise godkjent legitimasjon og fylgje lånereglementet for Felles lånekort.
3. Utlånstida av bøker er vanlegvis 28 dagar med rett til å fornye lånet dersom det ikkje er venteliste. Ved lån av tidsskrift er lånetida 2 veker og ved lån av video er lånetida 1 veke.
4. Bøker, lydbøker, språkkurs, tidsskriftartiklar og mikrofilmar som ikkje finst ved vårt bibliotek, kan vi eventuelt låne inn frå andre bibliotek. Dette kallast fjernlån.
5. Biblioteket sender purrebrev ved for sein innlevering.
6. Biblioteket krev erstatning for tapt og øydelagt materiale.



