Avgangsklassa vel Lom og Vinstra
![]() |
| Avgangsklassa på Skjåk Ungdomsskule 2005. Stort bilde. |
Avgangsklassa på Skjåk Ungdomsskule fekk orientering og lykke til med vidare utdanning av ordførar Ola Stensgård,administrasjonssjef Eli Lundemo og næringssjef Ivar Brandsarbakken idag.
No skal dei halde fram med vidaregåande i Lom og på Vinstra.
Eldri Bakken Sperstad, Carolin Maurstad Risheim, Ola Grimstad og Arnstein Sperstad har valgt Lom og Vinstra. Dei fortel at ein tredjedel vel Vinstra fordi skulen har eit godt utval av fag. Arnstein skal gå på Vinstra fordi skulen har særleg interessante fag som media, kommunikasjon og elektonikk. Eldri, Carolin og Olaskal gå allmennfag i Lom. Det gjev dei eit godt utgangspunkt forval av yrke seinare.
Kommunen stilte topptungt opp for å ynskje dei lykke til, og kome med dei siste tilrådingar. Med ei von om at dei skal før eller seinare komme attende til bygda med kunnskapar og ynskje om åbusetja seg i Skjåk.
Alle er samde i at det er greit å vere ferdig med ungdomsskulen. Og i kveld har dei revy i Marlo grendehus.




