Blomstertur i Røykjeskålslia

15.07.2005
Blålyng
Blålyng
På sundag er det blomstertur i Røykjeskålslia med Randi Rust som turleiar. Turen er ein del av Friluftslivets år. I Røykjeskålslia kan ein finne fleire ulike bregner, myskegras, fleire orkidear, liljekonvall, kvitsoleie og vendelrot.
Røykjeskålslia mellom Sota og Mysubytta kan karakteriserast som bjørkeskog med høgstaudar. Dette området er sørvendt og ligg langt vest i kommunen noko som gjer at nedbørsmengda er større her enn mange sørvendte lier som ligg lengre aust i kommunen. Større nedbørsmengd gjev grobotn for artar som krev meir fukt og som på bakgrunn av dette ikkje finn seg til rette andre sørvendte lokalitetar i bygda. I Røykjeskålslia kan ein finne fleire ulike bregner, myskegras (milium effusum), fleire orkidear, liljekonvall (convallaria majalis) kvitsoleie (ranunculus platanifolius), vendelrot (valeriana sambucifolia) og tyrihjelm. Det dominerande treslaget er bjørk, men ein har og innslag av gråor.
Skrive av: Morten Kielland