Multianlegget på Nordberg skule

08.09.2005
Nordberg skule leikeanlegg
Nordberg skule leikeanlegg
I dag startar arbeidet med multianlegget på Nordberg skule. Her vil skulen få ein ballbinge og ei aktivitetsløype. Kostnaden er 400.000 kroner som er finansiert av spelemidlar og dugnad. Etterkvart vil du kunne lese meir om nærmiljøanlegget på Nordberg skule sine heimesider

Ballbingen skal ligge der den vesle fotaballbana ligg i dag mellom jordet på Hyrve og leikeanlegget på skulen. I ballbingen skal det barna også kunne spele basketball. Det skal vere eit nett mot jordet på Hyrve.

Aktivitetsløypa bak skulen vil få mange apparater som blir ein utfordring for både store og små.

Nordberg skule søkte i fjor om midler til nærmiljøanlegg ved skulen. Søknaden hadde ei kostnadsrame på 400.000 kroner, som skal finansieringast slik:

Egenkapital kr. 1.500
Dugnad(foreldre) kr. 198.500
Spelemidlar kr.200.000
Total kostnad kr. 400.000

Nordberg skule vil få eit nærmiljøanlegg som i realiteten kostar kommunen berre 1.500 kroner.

Prosjektet har fått eit tilsagn om 200.000 kroner i tippemidlar. Dette har formannskapet no gått inn for å forskottere. Arbeidet med anlegget startar opp med fyrste dugnad med foreldre i dag.

Skrive av: Morten Kielland