Jordbana påvirkar klima

14.10.2005
Polarsirkelen flytter seg nordover
Polarsirkelen flytter seg nordover
Istider og mellomistider blir styrt mest av jorda si bane i høve til sola, seier Senter for klimaforskning sin nettstad, Cicero. Normalt skal vi no vere ved starten på ei ny istid. som skal auke i styrke fram til om 22.000 år. Men klimagassar motverker dette. Dei fleste forskarane meiner at temperaturen i Norge vil stige kraftig.

Normalt skal vi no vere ved starten på ei ny istid. Istida vil auke i styrke fram til om 22.000 år. Menneskelaga klimagassar motverkar dei asterologisk bestemte istider, som vil få temperaturen i Norge til å stige 2,5 gradar vinterstid og 1,7 gradar sommarstid om hundre år. Det er fem store system som påverkar vårt klima:

1. Jordbana
2. Solaktiviteten
3. Den Nord-Atlantiske Svingning
4. Saltinnhaldet i Nord-Atlanteren
5. Klimagassar

Jordbana
Ut fra studiar av klima gjennom historien, veit vi at istider og mellomistider, blir styrt mest av jorda si bane i høve til sola. Jordbana er ein ellipse der forma på ellipsen varierar frå ein nesten perfekt sirkel til ein noke meir flatklemt ellipse.

Kartet viser korleis polarsirkelen, vil flytte seg nordover. Når jordaksa står mest på skrå, ligg polarsirkelen ved Brønnøysund, og når den ligg ved Moskenesøy er aksa mest vertikal. I dag rettar aksa seg opp og polarsirkelen går nordover med ein fart på 14,4 meter i året. Posisjonen for polarsirkelen for 5000 år sidan, ved Kristi fødsel og om 6000 år er teikna inn.

Den største drivkrafta til istider og mellomistider er denne endringa av solinnstråling mellom årstider og mellom breddegradar.

I nokre artiklar skal vi sjå nærare på dei. Sjå også den fyrste artikkelen.

Skrive av: Morten Kielland