Den Nord-Atlantiske svingning og klima

20.10.2005
Regn over Heimdalen
Tungt regn over Grotli
Været i Norge blir stort sett styrt av lågtrykksaktiviteten i Nord-Atlanteren: Den Nord-Atlantiske Svingning som er skilnaden på lufttrykk mellom lågtrykk sør for Island og Grønland og høgtrykk over Azorene. Med auka CO - utslepp kan vi få eit varmare, våtare og villare klima.

Det er fem store system som påverkar vårt klima: Jordbana, Solaktiviteten, Den Nord-Atlantiske Svingning, Saltinnhaldet i Nord-Atlanteren, Klimagassar. I nokre artiklar skal vi sjå nærare på dei. Sjå også den fyrste artikkelen.

Været i Europa, Norge og spesielt Vestlandet blir stort sett dominert og styrt av lågtrykksaktiviteten i Nord-Atlanteren. Denne lågtrykksaktiviteten kallar forskarane for Den Nord-Atlantiske Svingning. Den er eit uttrykk for skilnad på lufttrykk mellom lågtrykksområda sør for Island og Grønland og høgtrykksområdet over Azorene.

I periodar, spesielt om vinteren med sterke lågtrykk sør for Island, får vi sterke vindar frå sørvest, varmegradar og mykje nedbør over Nord-Europa og spesielt Vest-Norge.

Med svakare lågtrykksaktivitet sør for Island får Norge nordlege, kalde vindar og tørt vær.

Den Nord-Atlantiske Svingning er eit naturleg værfenomen som er spesielt dominerande i vinterhalvåret, men den er vanskeleg å varsle frå eit år til eit anna.

Varmare, våtare og villare

Meterologar observerar ei auke i Den Nord-Atlantiske Svingning, når klimautslippa aukar. Da får vi meire lågtrykksaktivitet og med det meir varmt vær, meir nedbør og fleire stormar.

Dersom dette slår til, vil vi få:

• Meir nedbør i Norge som kan gje meir og billigare straum.
• Eit varmare klima med betre tilhøve for landbruk, og mindre fyringsutgifter.
• Isen i Barentshavet vil smelte mot nord- og aust. Det kan utvide fiskeriområda om vinteren og gjere det lettare for gass- og oljeindustrien å operere om vinteren.
• Aukande stormar langs kysten med skadar.
• Aukande rasfare og flom i store deler av landet.

Skrive av: Morten Kielland