Gardsmat ut på marknaden

25.11.2005
Torgprodukter
Torgprodukter
Gardbrukarane tilbyr i stadige større omfang lokalt produsert mat på marknaden. No er desse lokale marknadene organisert i Bondens Marked. Bak står Norsk Bygdeturisme og Gardsmat, OIKOS, Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norsk Landbrukssamvirke.

Men du kan også handle lokal mat på nett frå Bygdeturisme og Gardsmat eller Kaupa.

Lokalt produsert mat i Skjåk

Det er vanleg i våre bygder å kjøpe direkte frå garden. Så dette er lite nytt. Det nye ligg i at det blir stadig fleire gardbrukarar som satsar på lokalt produsert og foredla mat, og tilbyr produkta på marknaden. Og det er nytt at dei no er så mange at lokalprodusentar organiserer seg for å få meir marknadsmakt. I Skjåk er det også stadig fleire gardar som tilbyr lokal mat på ein større marknad enn lokalt.

Bondens marked

Bondens marked er eit torg der du som forbrukar kan kjøpe mat direkte frå produsenten. Kravet til dei som sel varene er at dei sjølve skal ha hausta, avla, fanga, sylta, bakt, røkt eller på anna måte foredla maten. Ein treng ikkje vere ein bonde, men det må vere ein person som arbeidar med lokale råvarer gjennom småskalaforedling.
Marknadsplassane er på tradisjonelle torgplassar, parkar eller i avstengte gater.

Handle ved direkte kontakt med produsent

Dersom du vil handle direkte frå nokon av produsentane du har blitt kjent med på Bondens marked, finn du adresselister under "ditt lokale marked". Du kan også kjøpe lokale matspesialiteter direkte frå produsenten på fylgjande nettstader:

http://www.nbg-nett.no/

http://www.kaupa.no/startside/

Skrive av: Morten Kielland