Skjåk Rafting skal følgje FRAM-programmet
![]() |
| Padling i rulla ved Vollungsbrua |
Skjåk Rafting AS fekk 50% tilskot frå Skjåk kommune til å delta i FRAM-programmet.
Skjåk Rafting seier at dei har eit monaleg utviklingspotensiale sjølv om kundegrunnlaget er godt og kvaliteten på tenestene er god. For å gjere det betre vil bedrifta delta i FRAM-programmet og såleis få hjelp utanfrå. Kostnadene med å delta i FRAM-prosjektet er 29.000 kroner.
Ove Lilleengen overtok bedrifta i 2005 og omorganiserte da til aksjeselskap. Assisterande dagleg leiar er Stian Bøhle.
FRAM-programmet er eit program som Innovasjon Noreg har hatt i mange år. Opplegget går ut på at bedrifter som passer inn og har meldt si interesse, blir sett saman til passande grupper. Deltakarane i ei gruppe møtast nokre gongar på samlingar som ofte strekker seg over to dagar. Fagstoff blir presentert og deltakarane kan gjennomføre gode meiningsutvekslingar der erfaringar frå eigen bedrift blir meddela andre. Mellom samlingane har bedriftene ”heimelekse” med omsyn til å planlegge og gjennomføre ulike tiltak. Dette har vist seg å vere ei god læreform. Kommunen har vore i kontakt med ein del lokale bedriftseigarar som har vore med på opplegget og attendemeldingane har vore udelt positive. Programmet er godt utvikla for bedrifter som ønsker å utvikle seg på ein styrt og positiv måte.




