Villreinfangst bør på Verdsarvlista
![]() |
| Villreinbukkar i kamp ved Stor-Utla |
Skulle villreinfangsten kome inn på lista, hamnar dei i eksklusivt selskap. Frå før er 754 kultur- og naturminne på lista. Mellom desse er pyramidane i Egypt, den kinesiske mur, Machu Picchu i Peru, og i Norge Geirangerfjorden, Bergstaden på Røros, Brygga i Bergen og nokre til. Ordføraren meiner at villreinfangsten er så unik i verdsmålestokk at det fortener ein plass på lista.
Dei mange kulturminna som er knytta til fangst av villrein er unike i verdsamanheng, og dette er hovedgrunnen for å søke om å komme med på UNESCO si liste. Desse fangstanlegga er godt teke vare på i eit landskap som ikkje har endra seg mykje sidan anlegga var i bruk. Dei eldste funn i området er 8600 år gamle, men dei representerar ein tradisjon knytta til villreinfangst som går 30.000-40.000 år attende.
I utgangspunktet kan villreinfangsten verke som eit lite prosjekt for mange i denne samanhengen. Det har ikkje vore fokusert så mykje på denne delen av kulturen før Øystein Mølmen byrja med sine registreringar. Enkelte spredte utgravingar i regi av ymse institusjonar har avdekt brotstykke av denne rike kulturen. Fyrst dei siste åra har det kome fram kor stort dette er og kva dette egentleg dreier seg om.
Lesja kommune har teke initiativ til prosjektet ”Villreinfangsten som verdensarv”. Målet er å få den gamle fangstkulturen på villrein i Nord Gudbrandsdalen inn på UNESCO si verdensarvliste. Verdensarvlista fortel kva som er viktigt av natur- og kulturarven vår i eit internasjonalt perspektiv.
Vegen vidare blir å arbeide for å få prosjektet inn på Norges forslagsliste til verdensarvlista. Dersom prosjektet kjem inn på denne lista, vil villreinen og kulturminna knytta til villreinfangst få nasjonal finansiering for å komme inn på UNESCO si Verdsarvliste.
Kostnadsrame for 2006 er vel 1 million kroner. No har Skjåk Formannskap har støtta ”Villreinfangsten som verdensarv” med 30.000 kroner.




