Offentleg ettersyn på Beitebruksplan
![]() |
| Illustrasjonsbilde av sau på Kollungen |
Skjåk Formannskap har vedteke plan for beitebruk og beredskapsplan for dyr i utmark. Målsetjinga har vore å få til ein plan som skal:
- synleggjera verdien av utmarksbeitet og foreslå tiltak som kan
sikre beitebruken for framtida
- forebyggje konfliktar mellom beitebrukarar
- forebyggje konfliktar mellom beitebruken og andre interesser i
utmarka
- liggje som verdi for anna planarbeid
Det har vore eit omfattande planarbeide. Plannemda har sendt informasjonsskriv med spørjeskjema ut til alle med bruksrett i Skjåk Almenning og fått 100 svar. Dei har hatt 3 grendamøter, møte med Fylkesmannen og møte med vilt-interessene.Innspela på grendamøta og gjennom dei innkome svara har i stor grad prega planarbeidet.
Planen er delt opp i ein tekstdel og ein tiltaks- og handlingsdel. Plannemnda har og utarbeidd konkrete forslag på fleire punkt i handlingsplanen, ved at nemnda legg fram ferdige utkast til fleire retningsliner og forskrifter. No har Formannskapet vedteke å sende framlegget til plan ut på høyring.
I tillegg blir følgjande vedlegg til planen og lagt ut til offentleg ettersyn:
- kommunal
forskrift om forbod mot piggtråd
-
kommunal forskrift om bandtvang av hund
-
kommunale retningsliner for gjerde/ferist/felås i utmark
-
kommunale retningsliner for gjerding rundt hytter
- avtale
om løyve til å ta i bruk nytt beiteområde
Aktuelle offentlege organ, lag og foreiningar får tilsendt planen til uttale.




