Øyberget Besøkssenter

10.02.2006
Øyberget besøkssenter
Øyberget besøkssenter
Øyberget Besøkssenter opnar i juni 2006. Fyrste halvår vil senteret bli drevet av driftstilskot frå eigarane. Skjåk Formannskap har vedteke å løyve 40.000 kroner i driftstilskot til Øyberget Besøksenter. Investeringa i senteret er omlag 1 million kroner.

Øyberget Besøkssenter ser for seg opning i juni. Dei store modellane var montert sumaren 2005. Sidan den gong har arbeidet med utstillingane stått stille. Utover våren vil resten bli montert.

Organisering
Det har vore litt att og fram med organisasjonsmodel for senteret. Det er 3 partar: Skjåk Almenning, Øvre Otta og Skjåk kommune. Desse har danna eit selskap med delt ansvar (DA) for senteret. Partane vurderer å endre organisasjonsforma til aksjeselskap.

Oppstart og små billettinntekter
Besøkssenteret har sett opp driftsbudsjett for 1.halvår 2006. Dei må tilsette ein person som skal vise rundt besøknade i kraftverket. Besøk skal skje i grupper. I tilegg kjem kostnader med opningsarrangement og siste finpuss på utstillingane. Det er budsjettert med små billettintekter fyrste året. No har Besøkssenteret søkt om 40.000 kroner frå kvar av eigarane. Desse driftstilskota vil dekke alle kostnader fyrste halvår. Skjåk Formannskap har vedteke å løyve driftstilskot for 2006 til Øyberget Besøksenter.

Skrive av: Morten Kielland