Solfest i Marlo

13.02.2006
Luftige svev i akebakken ved Marlo skule
Luftige svev i akebakken ved Marlo skule
No er sola attende. Marlo skule heldt solfest med ekstremsport og grillmat på fredag.
Akebakken ved Marlo skule
Akebakken ved Marlo skule
No går det mot ljosare tider, og sola vågar seg fram att etter ei lang mørketid. Dette veit elevane ved Marlo skule å setje pris på. Fredag var dei superraske til å gjere unna prøver og anna skulearbeid, og kom seg ut i det flotte været i ein fei.

Ute hadde lærarane sett opp ein stor grill, og alle fekk pølser og sjokolademjølk Etter at magen var full, kasta elevane seg ut i ekstremsporten aking.

Ovanfor skulen er det nemleg ein lang og bratt bakke som er fin å renne seg i. No er det mykje snø der, og det var mange ivrige entreprenørar som bygde hopp. Elevane rende seg på doningar av ymse slag, alt frå ski til Stiga, rumperacarar, flak og oppblåsbare ”dekk”. Innsatsen og farten var upåklageleg, og det var berre smilande fjes med raude kjakar å sjå.

Heidersgjesten deltok også, der ho krakte seg over Lendfjellet og titta ned på oss…..

Skrive av: Sonja Bustad