15% att av Skjåk
15.02.2006
 |
| Sota ligg på grensa for Breheimen nasjonalpark. Klikk på bildet |
Når Reinheimen og Breheimen nasjonalpark er på plass, er det att 15% av Skjåk som ikkje er verna. Grensene for Breheimen er ikkje fastsett, men dei fylgjer stort sett tregrensa på sørsida av Ottadalen. Her ser du
kartet over verneområdet. Det er fylkesmennene i
Oppland og
Sogn og Fjordane som skal lage verneplanen for Breheimen. Under les meir ligg fleire lenker til Breheimen.
I oppstartsmeldinga er det framlegg om å verne heile sørfjellet i Skjåk. Breheimen er for tida til
vurdering og oppstartsmeldinga er ute på høyring fram til 15.mars. Formålet med oppstartsmeldinga er å informere om arbeidet vi skal i gang med, innleie til god medverknad frå berørte partar og få innspel tilarbeidet med verneplan og konsekvensutgreiing.
Dersom du søker på Google får du 93.700 treff på Breheimen. På breheimsportalen, hjå DNT, på etjom, på Bergtatt og på ScandinavianMountains kan du lese meir om Breheimen. Du kan diskutere Breheimen på Fjellforum. Tom Dybwad har tankar ved oppstart av verneplanen. Vegard Ulvang tilrår Tverrådalskyrkja som ein av 10 flotte toppturar.
Skrive av: Morten Kielland