Kommunehusutbygging etter budsjett

16.02.2006
Kommunehuset i Bismo
Kommunehuset i Bismo
Entreprenørar på dei fire entreprisane på kommunehuset er valt ut. Kostnadene ser ut til å balansere godt innanfor rama på 21,2 mill.kr. som vart vedteken av kommunestyret. Hovudentreprisa gjekk til SEBB AS frå Skjåk. No startar kontraktstingingar med tilbydarane.

Det kom inn 5 anbod på ventilasjonsarbeider. Byggjekomiteen valgte Techno Team Prosjekt AS.

Det kom inn 3 anbod på sanitær-og varmeanlegg. Byggjekomiteen valgte Per Hagen AS.

Det kom inn 3 anbod på elektriske -og tekniske anlegg. Byggjekomiteen valgte Proel AS.

Det kom inn 3 anbod på byggjetekniske arbeid som er hovudentreprisa. Byggjekomiteen valgte SEBB AS.

- Anboda er veldig like. Kostnadene etter at anboda er inne, er etter budsjett, seier prosjektleiar Tor Jevnheim. No skal byggjekomiteen i gang med kontraktstingingar.

Skrive av: Morten Kielland