Skatt på mobilen

17.02.2006
Du må skatte for bruk av jobb-mobilen utanfor ordinært arbeid. Du slipper å skatte av dei fyrste 1.000 kronene i bruk og for bruk over 5.000 kroner av mobilen. Dei nye reglane finn du hjå Skatteetaten.

Finansdepartementet har innført sjablongskatt for arbeidstakarar som kan bruke mobiltelefon utanfor sitt arbeid. Ein sjablongskatt betyr at du må skatte av eit inntektspåslag på inntil 4.000 kroner for ein mobiltelefon.

Her er eit døme på den reelle skattebyrden: dersom ein arbeidstakar får ei samla rekning på 5.000 kroner eller meir for bruk av jobb-mobilen, må han betale 1 800 kroner kvart år eller 150 kroner kvar månad med en skattesats på 44,8%.

Du slipper å skatte for mobiltelefon dersom du får spesifisert rekning og du betaler abonnement og dei private samtalene.

Du slipper å betale skatt dersom du kan stadfeste skriftleg at du har avtale med arbeidsgjevar om ikkje å bruke mobiltelefonen privat. Skatteetaten krever at du skal leggje att mobiltelefonen på arbeid, for å slippe å betale sjablongskatt.

Du kan lese skatteetaten sine retningsliner for sjablongskatt på mobiltelefon. Her vil du finne 12 praktiske døme på skattlegging av mobiltelefonen.

Skrive av: Morten Kielland