Fugleinfluensa og ansvar

20.02.2006

Kanadagås
Kanadagås
Mattilsynet, Vetrinærinstituttet, Sosial -og helsedirektoratet og Nasjonalt Folkehelseinstitutt har ansvar i samband med fugleinfluensa.


Etter spreiing av fugleinfluensaviruset til fleire europeiske land dei siste dagane, har faren auka for at viruset også kjem til Norge.

Prinsippet om ansvar, nærleik og likheit ligg til grunn for alt nasjonalt beredskapsarbeid. Dette gjer at den etat som har ansvar for eit fagområde i ein normalsituasjon, også har ansvaret for å ta hand om ekstraordinære hendingar.

Mattilsynet
Mattilsynet har ansvar for beredskap, risikohandtering og nedkjemping av dyresykdommen fugleinfluensa. Dei set i verk overvaking, kontroll og importforbod.
www.mattilsynet.no

Veterinærinstituttet
Veterinærinstituttet har ansvar for risikovurdering tilknytta dyresykdommen. Dei analyserer prøver teke i Norge og har ansvar for overvakingsprogrammet på villfugl.
www.vetinst.no

Sosial- og helsedirektoratet
Sosial og helsedirektoratet har ansvar for beredskap, handtering og nedkjemping dersom fugleinfluensaviruset blir spreidd til menneske. Direktoratet har mynde på sosial- og helselovgjevingsområdet og kan sette i verk førebyggande tiltak i samfunnet. www.shdir.no

Nasjonalt Folkehelseinstitutt
Nasjonalt Folkehelseinstitutt har ansvar for overvåking av sjukdom hjå mennesker, rådgjeving om smittevern for mennesker og vaksineberedskap. Instituttet gjev råd og informasjon til helsemynde, helsetenesten og publikum om sjukdom, smitte, smittevern og vaksinasjon.
www.fhi.no

Skrive av: Morten Kielland