Opplagstalet aukar
![]() |
| Skjåk Kommunehus i Bismo |
Frå oktober i 2004 og fram til idag har talet på dei som les heimesida vår kvar dag dobla seg. Den gongen var talet på lesarar i gjennomsnitt 650. I august i fjor passerte vi 1000 lesarar kvar dag. Dette er hyggeleg for oss. Det vitnar om at heimesida fyller ein viktig funksjon for innbyggjarane i kommunen, utflytte skjåkværer og andre som søker informasjon om Skjåk.
Her er statistikken frå august til idag:
August | 1017 |
September | 1034 |
Oktober | 1111 |
November | 1186 |
Desember | 1331 |
Januar | 1268 |
Februar | 1658 |
Besøket gjeld det gjennomsnittlege talet på forskjellige datamaskiner som er innom heimesida kvar dag.
Frå statistikken kan vi lese at det er vel ein fjerdedel som går inn på heimesida via framsida. Etter det er kjem Biblioteket med 40 inngangar. Resten av alle besøk er godt spreidd på alle andre sider på www.skjaak.kommune.no.
Vi arbeider stadig med å gjere websidene betre og ynskjer attendemeldingar frå dykk til morten.kielland@skjaak.kommune.no




