Skjåk Energi blir delt

27.02.2006
Kommunestyret har vedteke å dele Skjåk Energi i 2 sjølvstendige einingar. Det blir nytt styre for Skjåk Energi med 5 representantar.

Butikken, innstallasjon og verkstad blir skilt ut som eit eige selskap. Ein arbeidsgruppe skal organisere elektro-verksemda. Gruppa er samansett av personar frå innstallasjonsavdelinga, butikken, økonomiavdelinga og Skjåk kommune. Arbeidet skal vere ferdig 1.juli 2006, og rapporten frå arbeidet skal handsamast i kommunestyret.

Skjåk Energi skal halde fram som eit reindyrka nettselskap. Dei skal også forvalte kraftressursar som kommunestyret tidlegare har teke avgjerd på. Styret for Skjåk Energi blir nytt og skal vera permanent etter Kommunelova §11. Kommunestyret blir representert i styret. Styret blir oppnemnt gjennom eiga sak til Kommunestyret seinare.

Skrive av: Morten Kielland