Ledigheit på 1,6%

06.03.2006
I Skjåk er berre 1,6 % av arbeidsstyrken ledige. Statistikken frå Aetat syner at Skjåk har den lågaste ledigheiten i Gudbrandsdalen. Utviklinga for ledigheiten er god for arbeidstakarar, men kan vere problematisk for arbeidsgjevarar, når talet på innmeldte stillinger aukar kraftig.

Ved utgongen av februar var det 2074 heilt ledige personar som var registrert hjå Aetat i Oppland. Det er 2,3 prosent av arbeidsstyrken. Ledigheiten er størst i Nord-Gudbrandsdalen og Gjøvik/Toten med ledigheit på 2,6 prosent. Av kommunane er det no Sel som har høgast ledigheit her i fylket med 3,0 prosent. Det er det same talet som for heile landet.

Vi må attende til 2002 for å finne færre heilt ledige i februar. Nedgongen siste månad har kommet i praktisk talt alle yrkesgrupper, mest blant søkarar med bakgrunn innan helse, pleie og omsorg, anna servicearbeid og industriarbeid. Reduksjonen har kommet i alle aldersgrupper, og reduksjonen er noko større for kvinner enn for menn.

Utviklinga er også god. I februar i år har Aetat registrert 30 prosent fleire stillinger enn i februar i fjor. Og auka gjeld dei fleste yrkesgrupper.

Skrive av: Morten Kielland