Bokbussen i Skjåk
![]() |
| Tone Nyseter og Jens Erik Kjeldstad reiser Oppland rundt med Bokbussen |
Bokbussen kommer til Skjåk ein gong kvar månad. - Det å komme på døra, gjev massevis av utlån, seier bibliotekar Tone Nyseter. På tirsdag var dei på Marlo skule for at elevane skulle få låne bøker.
Seinare på dagen skulle dei med bokbussen sin til Nordberg skule. - Til vanleg tek vi to skular kvar dag. Og det blir ein god stopp på kvar skule slik at elevane kan komme ut i puljer eller etter som det passar dei, seier dei to før dei reiser vidare til den skulen som ligg lengst frå Fylkesbiblioteket på Gjøvik.
Bussen har vore i drift siden 1993 som prosjekt og frå 2001 ble den ei fast ordning. Men i fjor haust ble drifta lagt litt på is. På grunn av permisjon og nytilsetting av sjåfør tok bokbussen ei pause.
Kommunane som får besøk av Bokbussen er Østre Toten, Øystre Slidre, Gjøvik, Vang, Søndre Land, Vestre Toten og Skjåk og elevane på skulane der kan no glede seg over at bussen er attende i drift.




