Ombygging av kommunehuset

27.04.2006

kommunehuset_2hogda
Søre inngang på kommunehuset er stengt frå 2.mai
På grunn av ombygging av kommunehuset er det endringar av inngangar og flytting av tilsette både mellombels og permanent. Nedanfor finn du eit oversyn som vi håpar er til hjelp for deg som kjem på besøk.

Kyrkjekontora
Dei fyrste som flyttar permanent er soknepresten, kyrkjeverge og kyrkjelysekretær. Dette skjer torsdag 27.04. Dei blir frå da av å finne på dei gamle kontora til heimesjukepleia. Spør i resepsjonen dersom du ikkje finn fram. 

Hovudinngangen
Hovudinngangen mot legekontoret blir stengd frå 02.05.
Publikum som skal til legekontoret kan da nytte ambulanseinngangen mot idrettsbana.
 
Andre besøkande til kommunehuset som har vanskar med å gå i trapp kan bruke personalinngangen på baksida av kommunehuset mot idrettsbana.
 
Ved spørsmål eller behov for hjelp ta kontakt med resepsjonen Skjåk kommune (61217000)
 
Jordmorkontoret
vil ver stengt frå den 27.04 og ca. 14 dager. Ta kontakt med helsesyster eller jordmor om frammøtestad i denne perioden.
 
Trygdekontoret
vil flytte rett over gangen. Dato ikkje endeleg fastsett.
 
Administrasjonssjefen,
Økonomiavdelinga (Odd G Aamodt, Audun Sperstad, Odd Ivar Bakken, Haldis Brukveen, Ase Fagernes, og Veronica Tråstad),
Plan, samfunn og miljø (Per Dagsgard,Bjørn Dalen og Atle Festervoll), personal kompetanse og utvikling
(Unnvald Bakke,Herdis Kvamme, Kari Gunn Sydnes og Morten Kielland) 
vil flytte opp i 2. etasje i den nyaste delen av kommunehuset frå ca 22.05. 
 
Det er elles ein del personer som er flytta mellombels på grunn av ombygginga. Finn du ikkje den du søkjer, ta kontakt med resepsjonen.
 
Vi beklager at det er noko kaotisk både innvendig og utvendig på kommunehuset for tida, men vi skal gjera vårt beste
for at du som besøkjande skal få den hjelp som dukjem for å få.
 
 
 
Skrive av: Stein Grjotheim