Kommunehuset er på flytting
I samband med ombygginga på kommunehuset er ein del av tenestene allereie flytta, eller vil bli flytt med det fyrste.
Administrasjonssjefen, økonomikontora, Plan, samfunn og miljø og Personal, kompetanse og utvikling har alle flytta opp i 2. høgda på den nyaste delen av kommunehuset.
Sosial og Fysioterapi vil flytte med det fyrste.
Teneste | Tilsette | Kvar du finn dei | Frå |
Administrasjons-sjefen | Eli Johanne Lundemo | 2. høgda nyaste delen - til venstre når du kjem opp trappa | 13.06. |
Økonomi og løn | Odd Gudbrand Aamot Odd Ivar Bakken Åse Fagernes Gjerdet Audun Sperstad | 2. høgda nyaste delen - rett fram når du kjem opp trappa | 13.06. |
Plan, samfunn og miljø | Atle Fostervold | 2. høgda nyaste delen - til venstre når du kjem opp trappa forbi kontoret til adm.sjefen | 13.06. |
Personale, kompetanse og utvikling | Unnvald Bakke Morten Kielland | 2. høgda nyaste delen - til høgre når du kjem opp trappa | 13.06. |
Andre flyttingar:
Teneste | Tilsette | Kvar du finn dei | Frå |
Sosialkontoret | Margrete Øvrelid Wenche Brimi Karin Sveine | I same lokale som trygdekontoret | 15.06 |
Fysioterapien | Elisabeth Lunde Anja Duhrr | I dei gamle lokala til økonomikontoret (mellombels ordning) | 19.06 |
Det er stadig byggearbeid i og rundt kommunehuset, og vi er takksame for at publikum er tålmodige sjølv om det er noko urudt i gangar og rundt oss.
Men det er gledeleg at ombygginga går etter planen, og vi ser at deler av bygget no nærmast kan reknast som ferdig.



