Fjernlån

10.04.2007

Tenesteinnhald

Det Skjåk folkebibliotek ikkje har av bøker og andre media, låner vi inn frå andre bibliotek i Noreg. Det er dette som kallast fjernlån. Oppslagsverk er unnateke fjernlånsordninga og kan difor ikkje lånast frå andre bibliotek. Deichmanske bibliotek står for det nasjonale fjernlånstilbodet på innvandrarspråk.

bibliotek

Pris

Tenesta er gratis.

Målgruppe

Alle lånarar på biblioteket.

Slik får du tenesten

Ved å vende seg til personalet på biblioteket.

Lovgrunnlag

Lov om folkebibliotek av 20 des. 1985. Lov nr 108.

Kontakt

Hanne Gran tlf. 61214300

Meir informasjon

Mange studentar treng faglitteratur som biblioteket ikkje har i si samling. Her vil biblioteket som prinsipp vurdere innkjøp dersom det viser seg at behovet er stort for fleire. Pensumlitteraturen må den enkelte rekne med å kjøpe sjølv.
Skrive av: Hanne Gran