Forskotskatt
Skattetrekk
Når ei yting etter gjeldande reglar er gjenstand for forskottstrekk, har den som sjølv eller ved fullmektig betaler ut ytinga, plikt til av eige tiltak å foreta forskottstrekk i beløpet. Trekket skal gjennomførast i samsvar med skatteytar sitt skattekort. Dersom slikt skattekort ikkje blir framlagt, og arbeidgjavaren heller ikkje på annan måte har fått dei opplysningar som går fram av skattekortet, skal forskottstrekket gjennomførast med 50%. Med mindre det blir stilt sikkerheit (bankgaranti e.a.), skal dei trekte beløpa setjast inn på særskilt bankkonto for skattetrekk.
Heimel: Skattebetalingslova.
Terminoppgåver
Arbeidsgjevar skal gje terminvise oppgåver som viser forskottstrekk og utrekning av arbeidsgjevaravgift for dei siste to månadane.
Oppgjersperiode | Termin | Oppgåvefrist | Betalingsfrist |
Januar-februar | 1 | 8.mars | 15.mars |
Mars-april | 2 | 8.mai | 15.mai |
Mai-juni | 3 | 8.juli | 15.juli |
Juli-august | 4 | 8.september | 15.september |
September-oktober | 5 | 8.november | 15.november |
November-desember | 6 | 15.januar | 15.januar |
Terminoppgåver og betaling skal sendast skatteoppkrevjaren i den kommunen arbeidsgjevaren har sitt hovudkontor. Oppgåveskjema og innbetalingskort er å få på kommunekassa. Bankkonto for skatt: 6345 06 05133 .
Oppgåvene skal sendast på internett til Altinn.
For ideelle organisasjonar og private arbeidsgjevarar gjeld spesielle reglar.
Kontakt: Kommunekassa, Odd Ivar Bakken, telefon 61 21 70 12.
Meir informasjon hjå Skatteetaten.



