Ervervskøyring med snøscooter
Tidlegare innehavarar av løyve for leigekøyring som søker blir prioritert.
UTLYSING AV LØYVE FOR ERVERVSKØYRING MED SNØSCOOTER I SKJÅK KOMMUNE FOR PERIODEN 01.01.07 - 31.12.09
Skjåk kommune har, med heimel i nasjonal forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag dagsett 15.mai 1988 nr.66 - §5 a, etablert leigekøyringsordning for motorferdsel på vinterføre i utmark. Ordninga går over 3 år og vart fyrste gong sett i verk i 1993. Siste 3-års periode har 5 personar hatt slike løyve.
Leigekøyringsordninga har som intensjon å samle mest mogleg av køyringa i utmark på nokre få personar som har snøscooter. Bakgrunnen for dette har vore å redusere køyringa og behovet for antal snøscootere. Samtidig er intensjonen å gje eit tilbod til fastbuande personar som likevel treng snøscooter, til å drive transporttenester mot erverv.
Skjåk kommune lyser ut løyve for ervervskøyring for neste 3 års periode, 01.01.2007 - 31.12.2009
Tidlegare innehavarar av løyve for leigekøyring som søker blir prioritert.
Kontaktperson: Bjørn Dalen, tlf. 61217025/97560213
Søknad på løyve for leigekøyring må vere Skjåk kommune i hende innan 20.oktober 2006.
Søknad skal sendast : Skjåk kommune, v/Plan - samfunn - miljø, 2690 SKJÅK



