Omorganisering av Skjåk Energi
![]() |
Skjåk kommunestyre behandla på kommunestyremøtet 28. september omorganisering av Skjåk Energi-del 2.
Konklusjonen av første del av organisasjonsgjennomgangen var at verksemda må delast i to, ei nettverksemd (e-verket) og ei ny verksemd som omfattar elektroavdelingane installasjon og butikk.
Grunngjevinga var at det vil kome reglar som set klåre krav til habilitet i forholdet mellom tilsynsverksemda til e-verket og arbeidet som installasjonsavdelinga utfører. I tillegg kjem andre forhold, som problem med kryssubsidiering og konkurranseforhold i forhold til liknande bedrifter.
Det vart sett ned ei arbeidsgruppe beståande av tilsette og tillitsvalde, ein representant frå Nord Gudbrandsdal Kommune Revisjon og administrasjonssjefen.
Dei har vurdert ulike sider ved framtidig organisering og drift av installasjonsavdelinga og butikken i Skjåk Energi, no kalla elektroverksemda. Selskapsform, storleiken på styret, lokalisering m.v. er tema for rapporten.
Konklusjonen er at ei slik verksemd har potensiale til å klare seg godt skilt ut som eiga verksemd. Dette har samanheng med at avdelingane er godt etablerte i dag, har ein etablert kundekrets, og det er framleis rom for å skaffe større marknasdsdel for båe avdelingane.
I valet mellom KF og AS meiner arbeidsgruppa at eit AS vil vere den beste selskapsforma i framtida, best tilpassa verksemda sin profil. Men i ein overgansperiode vil det både av omsyn til dei tilsette, og for å takle overgangen økonomisk og på andre måtar, vere formålstenleg å opprette eit KF. Etter to år bør selskapsforma vurderast på nytt, herunder bindinga til kommunen.
Det vil bli oppnemnd eit styre på fem representantar, der ein representerer dei tilsette, ein kjem frå det politiske miljøet i Skjåk kommune (kommunestyret) og tre ut frå faglege og forretningsmessige omsyn.
Det nye styret vil få ansvar for tilsetjing av leiar. Det nye styret og den nye leiaren får ansvar for å organisere verksemda slik at den blir mest mogleg effektiv og hensiktsmessig i forhold til formålet. I løpet av dei to neste åra må det lagast ein strategi for å auke omsetnaden og effektiviteten for båe dei to avdelingane, slik at ein får ein auke på mellom 5 og 10 pst. i løpet av perioden.
Den nye verksemda blir lokalisert til Skjåk Kjøpesenter.




