Samarbeids- og utviklingsrådet - aust-vest

05.10.2006
blomer_ved_rv15_strynefjellt
Blomar ved Rv 15 på Strynefjellet. Dei klorar seg fast.

Den 4. oktober hadde samarbeids- og utviklingsrådet møte i Stryn.

Tema for dagen var intensjonsavtale for rådet, reiselivet mellom aust og vest, samferdsel og infrastruktur, regionutfordringar og rammevilkår.

Det er ordførarar og rådmenn/administrasjonssjefar frå Stryn, Stranda, Norddal og Skjåk som er med i rådet.

Det var eit konstruktivt møte der alle var samde i at dette er noko å byggje vidare på. Det vart orientert om utviklinga innan reiselivet sidan førre møte og tankar vidare. Ei orientering frå møtet med Statens vegvesen den 15. september der tema var rassikring i Grasdalen og Stavbrekka, fast dekke på gamle Strynefjellsvegen og gamle Geirangervegen. Dei to andre temaene var regionutfordringar i Nord-Gudbrandsdal og frå Nordfjordrådet og rammevilkår ved adm.sjefen i Skjåk.

Det er ikkje beramma noko nytt møte, men samarbeidet er no igang.

Skrive av: Aud Hove