Forslag til statsbudsjett 2007
![]() |
Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett vart lagt fram fredag 6. oktober.
Realveksten i kommunesektoren si samla inntekt er foreslått til 5,4 milliardar kroner som utgjer ein vekst på vel 2,2% samanlikna inntektsnivået i revidert nasjonalbudsjett for 2006.
Veksten i dei frie inntektene er på 2,4 milliardar, om lag 1,4%. Kommunane får 1,7 milliardar kroner av dette og fylka 0.7 milliardar kroner. I framlegget til statsbudsjett har regjeringa justert opp skatteanslaget med 2,5 milliardar kroner for 2006.
Auka i frie inntekter skal blant anna dekke auka satser på sosialhjelp, fleire eldre, NAV-reform og innlemming av øyremerka tilskot til minoritetsspråklege elevar i grunnskulen.
Tilskotet til barnehagar aukar med om lag 1,9 milliardar for å nå målsettinga om full barnehagedekning. Dette får Skjåk kommune venteleg lita glede av med det vi har full barnehagedekning allereie.
For Skjåk kommune er dei frie inntektene rekna til 79,8 millionar kroner i 2006 korrigert for endring i sats på arbeidsgjevaravgift. Arbeidsgjevaravgifta vert reusert frå 12,1% til 6,4% frå 1.1.2007. For 2007 er dei frie inntektene for Skjåk kommune rekna til 80,7 millionar kroner før ei eventuell endring i befolkningskriteria. Skjåk kommune har imidlertid budsjettert med om lag 79 millionar kroner i frie inntekter i 2007. Vi ventar endringar i samansetjing av befolkningsstrukturen frå 1.1.2007, som medfører reduksjon i rammeoverføringane.
For Skjåk kommune sin del vil framlegget til statsbudsjett gje lite endringar i høve til 2006. Inntekter frå eigedomsskatt vert kraftig redusert i 2007, da inntektene frå utbygginga av Øvre Otta går frå å verta rekna av investert kapital til å bli rekna av produksjon. Inntektene på eigedomsskatt vil auke att fram til 2014.
Trass i ein samla reduksjon av inntekter så vil Skjåk kommune søkje å oppretthalde driftsnivået i 2007 på same nivå som i 2006. Kommunen vil og vurdere å styrke eit par tenesteområde.




