Administrasjonsutval og formannskapsmøte 10. oktober

12.10.2006

Tysdag 10. oktober var det både Administrasjonsutvalsmøte og Formannskapsmøte.

Sjå under les meir, for å få referert nokre av sakene som var oppe.

Administrasjonsutvalet
Det vart vedteke at Mari Brenna blir tilsett som ny Pleie og omsorgsleiar i 100 % stilling medan Aud Jotun blir tilsett som avdelingssjukepleiar for heimebaserte tenester i 100 % stilling.

Formannskapet
Det blir stadig strengare krav om og til internkontroll. Eit viktig vilkår for god internkontroll er eit system for styring og rapportering. Dei ansvarlege i kommunen, både administrativt og fagleg på alle nivå, men og politisk, må ha eit system som sikrar påliteleg informasjon om status i tenestene. Systemet må og gje dei ansvarlege høve til å gje dei nødvendige styringssignal for å kunne rette opp manglar og gje høve til å utøve administrativ og politisk leiing.
Det er no utarbeidd eit forslag til korleis Skjåk kommune skal møte desse krava. Det nye styringssystemet vart vedteke gjennomført som eit prøveprosjekt på eit år med verknad frå 01.01.2007.

"Risiko- og sårbarheitsanalyse for Lom og Skjåk" skal nå reviderast og formannksapet løyvde kr. 25.000,- til dette.

Med bakgrunn i det arbeidet som har vore lagt ned kring "Vern som bygdeutvikling" vedtok formannskapet ei arbeidsgruppe til å arbeide vidare med dette.
Med i gruppa vart: Stig Aaboen, Sæbjørn Forberg, Rolv Kristen Øygard og Aud Hove. Bjørn Dalen skal vere med som skrivar. I tillegg vedtok formannskapet at Olger Rønningen, Nasjonalparkriket, og Håvard Teigen, Hil, skulle supplere arbeidsgruppa.
Mandatet deira er å kartleggje og skaffe seg ei best mogleg oversikt over volumet av aktørar innan utmarksbruk/tilsyn/forvaltning, kome med konkrete forslag til lokalisering av ymse aktuelle aktørar, leggje fram forslag til korleis vi skal organisere verksemnda, leggje fram både kortsiktige og langsiktige strategiar for satsing. Her også vurdere økonomi så langt råd er. Gruppa skal og ha ansvaret for å vere arrangementskomite ved ei eventuell opning av Reinheimen nasjonalpark i Skjåk.

Formannskapet vedtok å løyve midlar for å kunne leige lagringsplass av Skjåk Røde Kors Hjelpekorps til det gamle gardsutstyret kommunen overtok frå Ola Runningen. Det er nødvendig med ein mellombels lagringsplass for dette i påvente av etablering av ei meir permanent gardssamling.

Det vart også vedteke å støtte kjøp av mjølkekvoter økonomisk med inntil 50 % av samla kostnad utrekna etter staten sine literprisar. Tilskotet blir avgrensa til kr 5.500,- for kvart bruk. 

Skrive av: Aud Hove