Kjempar for produksjon av Gudbrandsdalsost

24.10.2006

G35_5
Ordførarane i Lom og Skjåk kjempar saman for at TINE Meieriet Øst Lom og Skjåk også i framtida skal kunne produsere Gudbrandsdalsost.

Måndag 23. oktober var det samla både tillitsvalde, bestyrar regionrådsleiar og politikarar for å diskutere saka på meieriet.

Varaordførar i Skjåk, Lars Kvalheim, og ordførar i Lom, Simen Bjørgen, hadde førre veka eit møte med styreleiaren i TINE, Fredmund Sandvik. Dei spelte inn at det var meiningslaust at det i framtida ikkje skulle produserast Gudbrandsdalsost i Gudbrandsdalen. I dag er det mykje fokusert på "den opprinnelege smaken" og da bør osten lagast der den har namnet sitt frå.

Dei peika og på omdømmet til TINE ved at dei bør vere sitt samfunnsansvar bevisste. Frå regjeringa sitt hald blir det lagt til rette med redusert arbeidsgjevaravgift i dette området og da må bedriftene og fyglje opp dette. I tillegg har det frå regjeringa vore peika på kor viktig det er å pleie kulturlandskapet og her kjem spesielt geita inn som eit effektivt beitedyr. Dersom det ikkje blir produsert meir Gudbrandsdalsost her, kor skal da geitmjølka fraktast?

Eit anna fortrinn som Skjåk har, er at vi kan by fram rimeleg straum. Det er ein kraftkrevjande produksjon så dette bør vere positivt. Dette vil virke inn på økonomien, men samtidig er det ikkje berre økonomien som bør styre vala til TINE framover. Dei må, som ein viktig aktør innan landbruket, vere med å leggje til rette for busetnad over heile landet.

Dersom Gudbrandsdalsost-produksjonen tek slutt i Lom og Skjåk, vil heller ikkje Heidalsosten klare seg. Dei er avhegige av å få råvarene frå Lom og Skjåk fordi det vil bli for dyr frakt for dei å få det frakta heilt frå Byrkjelo.

TINE har også utruleg mykje god kompetanse gjennom den produksjonen dei driv som kanskje kan nyttast til andre produksjonar. Kompetansa i TINE må kunne nyttast innovativt.

Simen Bjørgen og Lars Kvalheim ba styret i TINE til Lom og Skjåk for at dei kan halde styremøtet sitt her slik at dei verkeleg kan lære å kjenne Gudbrandsdalsosten og miljøet rundt.

 

Skrive av: Aud Hove