Ståk i Skjåk laurdag 31. mai
Dykk blir med dette invitert til ein martnasdag der handelstand, næringsliv, lag, foreiningar og kulturlivet får moglegheit til å vise seg fram, syne fram kva bygda har å by på og medverke til å lage ein folkefest i Skjåk.
Meir om opplegget og skjema for deltaking under les meir.
· Det blir salsboder ved kjøpesenteret og desse er GRATIS å leige !!
· Aktivitetar for ungane. Tråtraktor og dokkevognparade høyrer med.
· Det blir scene ved banken der det vil vere ymse program gjennom dagen.
· Jotunheimen Motorsykkelklubb skal ha stor salsstand på Skeimoplassen.
· Flåklypa Grand Prix går gjennom bygda denne dagen heilt til Næpholet!
Innkomst ved Fjord 1. Premieutdeling ved banken klokka 17.00!
· Det blir utefest i Gamleheimstrædet. Skjåk swing og gamaldanslag arrangerer.
Vi vonar at bedriftene i Bismo kan halde ope hus slik at dei som ønskjer ei omvisning og bli betre kjende med Dykk får høve til det.
Vi håper at butikkane kan ha skikkeleg "go-kjøp" denne dagen!
Har Dykk noko å syne fram til underhaldning, noko for sal eller informasjon, medlemsverving, eller ønskjer å ha ope hus så meld Dykk på!
Det blir felles annonsering i lokalavisa vår Fjuken. Ta kontakt direkte med Fjuken for meir informasjon og prisar. Telf: 61213860, e-post annonse@fjuken.no
Svarslipp sendes Skjåk Kommune v/ næringskontoret innan den 28. april.
e-post: marianne.stensgard@skjaak.kommune.no
telefon: 61217026 / 90941702
Verksemd:_________________________________________
Ønskjer stand: □ treng strøm □
Stiller med eigen stand: □
Ønskjer å ha ope hus for bedriftsbesøk: □
Ønskjer å ha underhaldningsinnslag ved banken: □



