Aktiv sommarferie i Skjåk
Årets leir blir som vanleg arrangert fyrste veka etter skulen tek ferie, frå 24.-28. juni.
Påmeldingsfrist 1. juni 2013
Elektronisk søkeskjema
Program Aktiv sommarferie 2013
I fjor hadde vi nærare 140 deltakarar mellom 7 og 16 år.
I år blir det mange nye og spennande aktivitetar for alle årsklassene!
Rafting og fjelltur blir det for alle gruppene. I tillegg har vi fått tak i mange gode instruktørar på svømming, innebandy, nysirkus med sjonglering og dans/rytme for å nemne noko. Dei eldste får og vore med på juving i Aura og Via Ferrata. Ikkje alle aldersgruppene får vore innom absolutt alle aktivitetane, men dette er det laga ein plan på. Vær obs på at det kan bli endringar i planen! Alle vil få tilsendt oppdatert plan på e-mail 2 veker før Aktiv sommarfeire startar.
Aktiv sommarferie er for alle barn og ungdommar frå 1. klasse (fødd 2006) til og med 10. klasse, frå heile landet.
Det vil bli delt inn i grupper etter alder, og kvar gruppe har eigne leiarar.
Aktivitetane blir lagt opp og tilpassa den enkeltes nivå og ferdigheit, slik at alle vil finne glede i dei aktivitetane vi tilbyr.
Det blir frukt og drikke kvar dag.
Pris kr 850,- per deltakar. Syskjen utover dette kr 650,-. Beløpet blir fakturert.
Har du ikkje anledning til å melde på elektronisk, ta kontakt per tlf, så sender vi eit påmeldingsskjema.
Det vil bli sendt ut informasjon på e-post i forkant av leiren.
For meir informasjon, sjå www.aktivsommarferie.no
BLI MED PÅ DAGAR FULLE AV SPENNANDE AKTIVITETAR!
Meir info, Kari Hånsnar, tlf 99 16 26 02 / 472 616 72. E-post: post@lsadventure.no



