NAV har fått kundesenter

12.11.2008
NAV
Nav Nord Gudbrandsdal har fått kundesenter. Det vil seie at alle telefonar til NAV i Nord Gudbrandsdalen kjem til kundesenteret på Otta. Telefonnr dit er 61417500. Om du ringer det gamle tlfnummeret til NAV Skjåk, 61417540 blir du automatisk oversett til kundesenteret no i starten.

På kundesenteret vil dei prøve å hjelpe deg med ein gong. Dei kan svare på generell informasjon om dei forskjellige fagområda innan NAV, dei kan svare på når du får stønad/trygd og kor i systemet saka di står. Om du vil snakke med saksbehandlar på lokalkontoret, set dei deg over , eller vi får melding om å ringe deg, så snart vi er ledig. Om det er noko du lurar på, kom innom eller ring og forhøyr deg.

Med helsing

Margrethe Øvrelid
NAV Skjåk