Skjåkprisen til Sylfest Lykre
17.11.2008
Han som får Skjåkprisen i år får gjort mykje, men gjer ikkje så mykje av seg, innleia ordførar Rolv Kristen Øygard grunngjevinga si med. Applausen var stor da han fortalde at Skjåkprisen for 2008 gjekk til Sylfest Lykre.![]()
Skjåk har den lokalhistoriske samlinga si på Folkebiblioteket i Bismo og der finn du Sylfest stort sett kvar dag. Skjåk Historielag har fotosamlinga si der med over 10 000 bilde. Dette har han også ansvaret for. Han har oversikta på slektene i Skjåk og er hovudarkitekten bak Kvelds-seto. Med andre ord er han sjølve krumtappen med alt som har med Skjåk si historie å gjera. Spesielt om sommaren er det mange som er innom for å spørja Sylfest om slekta si. Både norske og utanlandske.
Vil du ha med deg ein kjentmann i fjellet, er Sylfest den som kan fortelje deg mest om områda du kan ferdast i. Han har mellom anna funne att og registrert gamle råk, vassvegar og kulturminne i heile skjåkfjellet.
Sidan postverket rasjonaliserte bort arbeidsplassen til Sylfest, har han gjort ein friviljug innsats på eit bredt felt. Både for historielaget, men også for menneske som bur rundt han. Ordføraren kunne fortelje at det var ei dame på rundt 90 år som hadde fortalt om korleis han er. - Utan hjelpa frå Sylfest kunne ikkje eg budd heime, hadde ho sagt.
I sommar var Sylfest ein av dei mange friviljuge under Landsfestivalen. Sjølv om han ikkje var i hovudkomiteen, arbeidde han døgnet rundt desse dagane. Det er godt at vi framleis har folk som vil gjere ein innsats for fellesskapet. Det er derfor så viktig at desse personane blir æra. Ærast den som ærast bør, heiter det. Eller som Ivar Aasen sa: D’er ikkje alle Timar ein skal telja.



