Best games ever

19.06.2009
Seiersbrøl
Dei første Summer Games i Skjåk si historie er over. Åtte lag stilte til start i det som skulle vise seg å bli ei beinhard konkurranse i alt frå gummisko-kasting til stavsparking og baklengshopping.

SummerGames Jan Rune Fagermoen
Rådmann Jan Rune Fagermoen stod for den høgtidelege opninga av the games som gjekk føre seg på Storøya camping.

Takka vere rådmannen sine imponerande ferdigheiter i hopp-og-sprett-med-ballong-rundt-foten, gjekk servicetorget raskt opp i leiinga. Men da deltakarane vart sendt ut i bushen for å leike indianer, spissa det seg til, bokstaveleg talt. Med si eminente pil og boge-spikking med påfølgande skyting, der pila gjekk i ein fantastisk boge,  la PKU inn ein sterk søknad i kampen om den store vandrepokalen i ekte sølv.

I sekskampen der det m.a. skulle konkurrerast i kasting av gummistøvlar med vernetå, str.44, viste Marlo seg å bli ein sterk kandidat til prisen om gullmedalje i uhell. Rett nok gjekk eine støvelen i planlagt retning, men sidan den andre gjekk motsett, vart det minus-meter.  

I padleåre-bering vart det vist stor kreativitet. Ikkje skjønte vi som stod rundt korleis det er mogleg å få med seg alle padleårene til Skjåk Adventure på ein gong.

SummerGames Skjaakheimen-laget
Skjåkheimen-laget
Så sjølv om pleie og omsorg og Bismo barnehage gav alt i tautrekkinga, vart det PKU som gjekk av med seieren i 2009. Pleie og omsorg vart kåra til dei mest kreative. På kommunehuset går det alt  rykte om at helse og sosial har lagt strategiar for Summer games 2010.


 

Skrive av: Herdis Kvamme Repp