Innkjøp av drosjetenester i Ottadalskommunene - brev til Oppland fylkeskommune
Ordførarane i Ottadalen viser til Sykehuset Innlandet HF si tildeling av kontrakt for kategoriane stor og liten bil i Vågå, Lom og Skjåk til andre enn dei ordinære drosjeeigarane i desse tre kommunane. Dei berørte kommunane er bekymra over konsekvensane for delar av tenestetilbodet i kommunane i kjølvatnet av dette vedtaket og ber Oppland fylkeskommune om å ta ein ny gjennomgang av sin politikk for innkjøp av drosjetenester.
Klikk les merir for å finne heile dokumentet
Oppland fylkeskommune
v/ fylkesordførar Audun Tron
Skjåk, Lom og Vågå ber derfor om eit møte med politisk leiing i Oppland fylkeskommune for å drøfte denne konkrete saka for i fellesskap å kome fram til ei løysing som sikrar drosjetenstetilbodet i alle dei tre Ottadalskommunane. Det er ønskjeleg at fylkesordføraren kallar inn til eit slik møte.
Vi fryktar at konsekvensane av dette vedtaket vil føre til eit svært mangelfullt drosjetilbod i kommunane våre og i verste fall vil ei eller fleire av kommunane stå utan eit drosjetilbod. I tillegg til at dette er tap av arbeidsplassar vil det vere eit stort tap for det øvrige næringsliv samt det generelle sosiale og kulturelle liv som er avhengig av eit tilgjengeleg transporttilbod i nærleiken. Dei som ikkje får refundert drosjeutgiftene sine av det offentlege, vil ikkje lenger ha eit tilbod om transport.
Det er også problematisk at kjøp av drosjetenester blir delt opp t.d. ved at sjukehustransporten og skuletransporten blir behandla kvar for seg og til ulike tidspunkt.
Oppland er ulikt som elles av landet er det. Brukargruppene i våre kommunar er ofte for få til at det går an å dele inn samfunnsfunksjonar i eigne miljø. Innbyggjarane våre er avhengige av ein politikk og av organisering av tenester der det er fleksibilitet og at det blir sett på tvers av ansvarområde og tenesteytar. Berre på ein slik måte vil vi ha gode og allsidige tenestetilbod på lik linje med meir folketette område.
Skjåk, Lom og Vågå kommunar ber fylkeskommunen vurdere politikken sin her på nytt. Og i dette tilfellet ta nytt grep som sikrar at drosjetenestetilbodet blir oppretthalde og sikra på same nivå som i dag.
Vi vil minne om det samfunnsansvaret som er lagt med omsyn til at det skal vere eit offentleg transporttilbod i alle kommunar (jfr. Yrkestrransportlovas kap 5). Når eit ordinært lokalt rutetilbod er fråverande, er det lokale drosjetilbodet einaste alternativ for folk flest. Ansvaret til fylkeskommunen omfattar og finansiering av tilbodet, enten ved å yte tilstrekkeleg godtgjersle for t. d. skuleskyss eller ved direkte kjøp av ei samfunnsmessig forsvarleg transportberedskapsteneste.
Med vennleg helsing
Rolv Kristen Øygard Simen Bjørgen Rune Øygard
ordførar Skjåk ordførar Lom ordførar Vågå



