Det vart Sotvegen
05.10.2010
 | | Sota og Sotvegen sett frå Randsverk |
|
|
Vegen frå Tuva til Sota skal heite Sotvegen. Fylkesvegen gjennom Nordberg skal heite Nordberg Solside, og gjennom Skjåk skal den heite Skjåk Solside. Her er
lista med vegnamn.
Skjåk kommunestyre
vedtok nye vegnamn i møte på torsdag 30.september. Etter stort engasjement både i bygda i politiske fora i kommuna, vart 43 vegar namnsett. Ein av dei vegane det knytta seg mest spenning til var vegen frå Dønfoss via Bråtå, Sota og fram til Mysubytta. Det var framlegg om Breheimenvegen for denne vegen.
Vegen frå Dønfoss-Tuva i Bråtå fekk namnet Bråtåvegen, vegen frå Tuva-Sota heiter Sotvegen, og vegen frå Sota-Mysubytta heiter Mysubyttvegen.
Elles merkar vi oss at vi har fått artige namn som Raudskrubben, Dvergspetten og Jervedrågje.
Her er heile lista over vegnamn og Kommunestyrevedtaket med dei politiske diskusjonane.