Åpent møte om Landbruksmeldinga

22.03.2012

Omlag 50 møtte opp til møte om Åpent møte om landbruksmeldinga 19. mars. Det kom mange innspel og spørsmål med ein grei debatt etter presentasjonen til ekspedisjonssjef Frøydis Vold.  Ho la vekt på det som kunne vere mest interessant for ei fjellbygd som Skjåk og trefte nok bra med det. Landbruksmeldinga kjem med nye signal for deling av eigedomar. Strukturrasjonaliseringa som har vore så framtredande dei siste 10-åra vart ein del debattert på møtet.

Innleiingsvis på møtet presenterte Skjåk kommune tal som viser utviklinga i Skjåk vedrørande tal brukarar og husdyr saman med produsert mengde av ulike produkt. Det kan oppsummerast som at den produserte mengda held seg oppe, men færre og færre gardbrukarar har ansvar for stadig aukande produsert mengde på kvart bruk. Effektiviseringa held råvareprisane nede, men har ikkje berre positive sider.
 
Ei slik melding som kjem omlag kvar 10. år legg rammer og føringar for framtida. Dei årlge jordbruksoppgjera skal utformast i samsvar med innhaldet i meldinga. Det vil si at mange håper på inntektsauke for gardbrukarar ved jordbruksforhandlingane til våren.  Meldinga skal opp til politisk behandling i Stortinget like før påske.

Presentasjon

Meld. St. 9, Landbruks- og matpolitikken